
Velkomen til overnatting på Fiskebustøylen! Her kan du få deg ei god natts søvn i den stilla berre fjellheimen kan tilby og bruke morgonen med padleåra over kvilande vassflater. Eller kanskje vil du bruke dei fredelege nattetimane på å sitje og myse opp på klare stjernehimlar? Kva enn det er som gir deg ro – det kan du finne på Valebjørgheia.
Fiskebu er ei romsleg hytte med plass til 11 personar fordelt på 5 soverom. Hytta har eit fullt utstyrt kjøkken med gasskjøleskåp, gasskomfyr og oppvaskmaskin. Stova byr på ein koseleg sofakrok med peis og eit stort langbord med plass til 12 personar. I tillegg er det eit bad med dusj og WC samt eit tørkerom. Hytta har tilgang til straumaggregat, men det er inga eller lite mobildekning, noko som legg til rette for ei digital fristund.


Olavsbu passar for mindre grupper med sine 5 sengeplassar fordelt på eitt soverom og ein hems. Opphaldsrommet har ein kjøkkenkrok med eit lite gasskjøleskåp, kokeplate og nødvendig kjøkkenutstyr. Her finn du også eit lite spisebord og ein vedomn som skapar ei lun atmosfære. Badet er utstyrt med dusj og biotoalett. Som dei andre hyttene har Olavsbu tilgang til straumaggregat og avgrensa mobildekning, noko som gjer det lett å stresse ned.








Rundebu er ei sjarmerande hytte med plass til to personar, der kjøkken, stove og soveplass er kombinert i eitt rom. Hytta har eit lite gasskjøleskåp, kokeplate og nødvendig kjøkkenutstyr. Ein vedomn sørgjer for varme og kos. Badet er utstyrt med dusj og biotoalett. Det er tilgang til straumaggregat, og det er inga eller lite mobildekning, noko som inviterer til fullstendig avkopling.



Båthuset ligg rett ved vasskanten og som namnet tilseier, skulle det opphavleg vere til lagring av båtar. Det vart i staden for gjort om til serveringslokale og har nå sitjeplass til 30 personar og eit lite kjøken med gasskomfyr, kjøleskåp og oppvaskmaskin. Her kan ein feire bursdag og konfirmasjon, halde møte og kurs eller andre arrangement. Båthuset vert blant anna brukt under Fiskebustøylen Fjellyoga, til både måltid og yoga (om det ikkje er vêr til å vere ute på plattingen).
