
Valebjørgheia er eit eldorado for fiske etter fjellaure. I 32 fjellvatn kan du få fin fisk som er ivrig i bittet og raud i kjøtet. Rekorden er 2,3 kg, og flotte fjellaurar på over kiloen vert tekne med jamne mellomrom. Det er fleire stiar i området, som gjev god tilkomst til dei fleste vatna. Ved ynskje om fiske frå båt er det mogleg å leige dette.

Praktisk informasjon
Om du vil fiske på Valebjørgheia, må du løyse fiskekort og leige bomnykel. Dette gjer du ved å stikke innom garden Valebjørg Søndre.
Leige av bomnykel kostar 150 kr per bil.
Prisar på fiskekort
1 dag: 150 kr
2–4 dagar: 250 kr
Veke: 300 kr



![59795772_302155044036575_5527109614115487744_n[1].jpg](https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/63b2f87ac6b0c8363ccdeb13/027ac058-4658-44b5-b134-d81ced4d381f/59795772_302155044036575_5527109614115487744_n%5B1%5D.jpg)

